søndag 16. oktober 2011

Skrytar av meg sjølv..

Utsikt mot fjorden..
Stødnofossen fra sida.

Stødnofossen


Smule bratt her.. :P
I dag har eg vært ufattelig flink!! Eg har gått Hedler-Mjølkeflata-Stødno!!

Hadde aldri trudd at eg kom til å klara den strekningen nokon gang igjen, men i dag klarte eg det!!! Var ikkje så veldig sliten når eg kom ned igjen heller, men eg tok det med ro og tok fleira små pausar. Phuuuu, såg ut som ein kokt hummar når eg kom ned.. :D Kan ikkje skryta på meg at kondisen er så veldig å skryta av... Men den kjem seg. !!!

Men det blir ikkje igjen før til våren, det er for blaut og glatt oppi der no, ivertfall for meg som er så strøvlette..

Når eg gjekk turen laga Trond middagen og passa på ungane. Og no sit vi å sløvar i sofaen, og eg leikar med bilda eg tok på turen. :)

2 kommentarer:

  1. Det er bra jobba!!!
    Klart du må skryt av deg selv, du er kjempeflink.
    Så fine bilder du har tatt!
    Pernilla (PeCaSo)

    SvarSlett