onsdag 30. november 2011

Siste november allerede..

Dessa siste vekene har flåge avgårde i rasarfart. Det er ufattelig mykje som skjer, og har skjedd etter at eg kom heim fra hauglandsenteret. Diverse kontrollar av både meg og ungane, samtalar både her og der, jobb, og så har eg prøvd å fått gjort litt i huset.  Det har desverre ikkje blitt så mykje med trim, dersom eg ser vekk fra at eg går/syklar til og fra jobb/bhg/butikkane.. Trimsykkelen står her å støvar ned.. :P

Vi har jo fått ei julegave på førehand. Innreiing i garderobeskapet av mutra og Inge. Vi brukte nokon dagar på å setta den saman og få det på riktig plass, og vi driver no på å rydda og sortera det som har vært inni skapet før. Eg har rydda med hard hand, og kastar/gjeve vekk det vi ikkje brukar eller har brukt dei siste åra, så lenge det ikkje er noko som f.eks ungane har laga ol.
Det var veldig godt å endelig få plass til å henga opp alle jaktklea/ytterklea som vi brukar av og til..
Skal få tak i meg vakumposer til å ha dyner ol i, slik at dei ikkje tek så stor plass. Vi har garantert nok dyner, men skulle gjerne hatt nokon puter til :)

Eg har jo byrja å jobba igjen. 3 timar 5 dagar i veka. Det går veldig bra og eg reknar med at eg byrjar å jobba for fult innan nokon få veker. Skal berre ha eit møte hos NAV fyrst.
Dei vekene som trond har ettermiddag går veldig greitt, da får eg stå opp og våkna ordentlig før kaoset byrjar, men dei andre vekene er litt stressande og utmattane.. Da må jentene opp 6, og vi må komma oss ut 06.30, sånn at vi kjem oss i bhg til 06.45.. Ikkje alltid så lett å få jentene til å gjera som eg vil, når dei er trøytte og slitne. Men så lenge eg ikkje vinner nokon millioner i lotto, så må eg desverre jobba.. :P

Har fått pynta litt til jul også. Fått opp julegardine, julestjerna og par andre ting. :) Det er så koselig med alle dei lysa som lyser i vindusrutene og figurane som er i hagane, når eg syklar til jobben, sjølv om det er minimalt med julesteming elles.. Huttetu for eit dårlig vær det har vært her, og er meldt i dagane frammover. Drømmer om 20 cm med snø, og ca 5 minus i 2-3 mnd. :)

Eg og Trond var på julehandel forrige veka, og fekk unna omtrent alle julegavene eg handla for oss, moffen, oldemor, oldefar og farmor.. No må eg berre finna lysten til å pakka inn alt, og få dei som skal ut av huset avgårde..

I helga skal vi laga rundstk, julebrød, pepparkaker og sjokoladespruter. Skal bli så kos atte. :) Heile gjengen her i huset skal vera med.





tirsdag 15. november 2011

Hard dag i dag.

I gårkveld slo minsta til igjen, ho var våken i 2-3 timar! SJÅLSAGT måtte ho det sidan eg skulle på jobb i dag. Da klokka ringte 05.00, var eg i drømmeland og hadde mindre lyst til å stå opp. Fekk dratt meg ut av seng og ned trappa medan augelokka digla nede på knea, og eg følte eg hadde ei sandkasse på begge augene.. ZzZZzzZZZZZzzz..

Var sliten når eg reist heim, men er dønn utslitt no.. Har vært med Trond å sett saman Langlo innreiinga som vi fekk ho mutra og Inge i julegave.. :D Skal bli gøy å alt på plass, og sleppa å ha pappkasser ol. ståande.

Temmelig sikker på at det blir ein tidleg kveld i dag. :) Har ein del smerter i kroppen, men samtidig så var det veldig gøy å vera på jobb igjen. Skal jobba 3 timar for dagen i 14 dagar, berre for å prøva meg litt fram. Forhåpentligvis så klara eg å komma meg opp i full stilling igjen. Eg må berre læra meg til å oversjå hybelkaninene som kan flyta litt her, og anna stæsj. :) Og få Trond til å gjera meira på dagane. Denna veka her skal han bli ferdig med hyllene ol, og så i løp av helga skal vi få alt inni der. Neste ettermiddagsveka han har, skal han vaska tak og vegger her i huset. Gleder seg til det!! :D

No får eg byrja med å rydda litt her, før kleptopølsene kjem heim.. :D

lørdag 12. november 2011

1. helga heima..

Da er vi kommet til 1.helga eg er heima, og merkar at det er hardt å ha ungane rundt meg heile tida. Mykje hyling og roping, og aktiviteter heile tida her. Føler at hjerna mi går for fult, og det sliter eg med.. Men skal nok holda ut i dag også.. :D

Det er "blås-bort-dagen" her idag, vi får no prøva å finna på noko for det. Vi hadde små planer om gå på Nedre vangen, men trur ikkje det blir noko av det.

I morgo er det farsdag, så kanskje vi lager ei kake istaden for å gå tur.

Siste bildene eg tok på Hauglandsenteret kjem her, tåkelandet..







onsdag 9. november 2011

Heim kommet.

I går ettermiddag reiste eg og 2 til heim. Eg tok ekspressbåten fra Rykkjedalsvika til Sog ndal, og Trond kom å henta meg i Sogndal. Vi var så heldige at vi ikkje rakk ferje på Mannhiller med nokon få sekunder, så vi vart ståande der i 40 min. :(

Eg er trøytt og sliten i dag, men har no fått gjort litt her for det. No sit eg å slappa av litt i sofaen, eg har tent t-lys og vi koser oss her. Trond sa ja til å jobba ettermiddag ut veka og neste veka, noko som er kjedelig, men vi får no føremiddagane saman.

lørdag 5. november 2011

Siste helg på rehab..



Bilda er tatt på "Øya", forrige dagen. :)

No har eg kommet til siste helga på.. Godt er det, merkar at eg har lyst heim igjen. Hadde eg berre kunnet tatt med meg det varmebasseneg heim igjen og fått trena i det 5-6 dagar i veka, så hadde det vært luksus.

Eg hadde små planer om å gå til "steinen" i dag, men trur eg utsetter det. Det er ikkje gøy å gå i skauen når det regnar, så det blir helst trulig ein rask runde rundt omkring her. Har lyst til å klara turen til "steinen" ein gang til før eg reiser heim.

På onsdag, skal eg reisa litt tidlegare enn planlagt, slik at eg får lagt inn ein liten shoppingrunde i Førde. Kanskje eg finner nokon julepresanger til. :)

UANSETT så skal det bli godt å komma seg heim igjen. Få ligga i si eiga seng, laga den maten som ein har lyst på (på onsdag har eg lyst på heimalaga pizza!!!!), sitta i sofakroken, "krangla" med samboaren og ungane.. :P