tirsdag 15. november 2011

Hard dag i dag.

I gårkveld slo minsta til igjen, ho var våken i 2-3 timar! SJÅLSAGT måtte ho det sidan eg skulle på jobb i dag. Da klokka ringte 05.00, var eg i drømmeland og hadde mindre lyst til å stå opp. Fekk dratt meg ut av seng og ned trappa medan augelokka digla nede på knea, og eg følte eg hadde ei sandkasse på begge augene.. ZzZZzzZZZZZzzz..

Var sliten når eg reist heim, men er dønn utslitt no.. Har vært med Trond å sett saman Langlo innreiinga som vi fekk ho mutra og Inge i julegave.. :D Skal bli gøy å alt på plass, og sleppa å ha pappkasser ol. ståande.

Temmelig sikker på at det blir ein tidleg kveld i dag. :) Har ein del smerter i kroppen, men samtidig så var det veldig gøy å vera på jobb igjen. Skal jobba 3 timar for dagen i 14 dagar, berre for å prøva meg litt fram. Forhåpentligvis så klara eg å komma meg opp i full stilling igjen. Eg må berre læra meg til å oversjå hybelkaninene som kan flyta litt her, og anna stæsj. :) Og få Trond til å gjera meira på dagane. Denna veka her skal han bli ferdig med hyllene ol, og så i løp av helga skal vi få alt inni der. Neste ettermiddagsveka han har, skal han vaska tak og vegger her i huset. Gleder seg til det!! :D

No får eg byrja med å rydda litt her, før kleptopølsene kjem heim.. :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar