onsdag 30. november 2011

Siste november allerede..

Dessa siste vekene har flåge avgårde i rasarfart. Det er ufattelig mykje som skjer, og har skjedd etter at eg kom heim fra hauglandsenteret. Diverse kontrollar av både meg og ungane, samtalar både her og der, jobb, og så har eg prøvd å fått gjort litt i huset.  Det har desverre ikkje blitt så mykje med trim, dersom eg ser vekk fra at eg går/syklar til og fra jobb/bhg/butikkane.. Trimsykkelen står her å støvar ned.. :P

Vi har jo fått ei julegave på førehand. Innreiing i garderobeskapet av mutra og Inge. Vi brukte nokon dagar på å setta den saman og få det på riktig plass, og vi driver no på å rydda og sortera det som har vært inni skapet før. Eg har rydda med hard hand, og kastar/gjeve vekk det vi ikkje brukar eller har brukt dei siste åra, så lenge det ikkje er noko som f.eks ungane har laga ol.
Det var veldig godt å endelig få plass til å henga opp alle jaktklea/ytterklea som vi brukar av og til..
Skal få tak i meg vakumposer til å ha dyner ol i, slik at dei ikkje tek så stor plass. Vi har garantert nok dyner, men skulle gjerne hatt nokon puter til :)

Eg har jo byrja å jobba igjen. 3 timar 5 dagar i veka. Det går veldig bra og eg reknar med at eg byrjar å jobba for fult innan nokon få veker. Skal berre ha eit møte hos NAV fyrst.
Dei vekene som trond har ettermiddag går veldig greitt, da får eg stå opp og våkna ordentlig før kaoset byrjar, men dei andre vekene er litt stressande og utmattane.. Da må jentene opp 6, og vi må komma oss ut 06.30, sånn at vi kjem oss i bhg til 06.45.. Ikkje alltid så lett å få jentene til å gjera som eg vil, når dei er trøytte og slitne. Men så lenge eg ikkje vinner nokon millioner i lotto, så må eg desverre jobba.. :P

Har fått pynta litt til jul også. Fått opp julegardine, julestjerna og par andre ting. :) Det er så koselig med alle dei lysa som lyser i vindusrutene og figurane som er i hagane, når eg syklar til jobben, sjølv om det er minimalt med julesteming elles.. Huttetu for eit dårlig vær det har vært her, og er meldt i dagane frammover. Drømmer om 20 cm med snø, og ca 5 minus i 2-3 mnd. :)

Eg og Trond var på julehandel forrige veka, og fekk unna omtrent alle julegavene eg handla for oss, moffen, oldemor, oldefar og farmor.. No må eg berre finna lysten til å pakka inn alt, og få dei som skal ut av huset avgårde..

I helga skal vi laga rundstk, julebrød, pepparkaker og sjokoladespruter. Skal bli så kos atte. :) Heile gjengen her i huset skal vera med.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar