lørdag 5. november 2011

Siste helg på rehab..



Bilda er tatt på "Øya", forrige dagen. :)

No har eg kommet til siste helga på.. Godt er det, merkar at eg har lyst heim igjen. Hadde eg berre kunnet tatt med meg det varmebasseneg heim igjen og fått trena i det 5-6 dagar i veka, så hadde det vært luksus.

Eg hadde små planer om å gå til "steinen" i dag, men trur eg utsetter det. Det er ikkje gøy å gå i skauen når det regnar, så det blir helst trulig ein rask runde rundt omkring her. Har lyst til å klara turen til "steinen" ein gang til før eg reiser heim.

På onsdag, skal eg reisa litt tidlegare enn planlagt, slik at eg får lagt inn ein liten shoppingrunde i Førde. Kanskje eg finner nokon julepresanger til. :)

UANSETT så skal det bli godt å komma seg heim igjen. Få ligga i si eiga seng, laga den maten som ein har lyst på (på onsdag har eg lyst på heimalaga pizza!!!!), sitta i sofakroken, "krangla" med samboaren og ungane.. :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar