onsdag 12. oktober 2011

Dagane går..

I dag er det berre 1 veke til eg skal på Hauglandsenteret.. Går rundt her med blanda følelser, grue-glede-skrekk-fryd-angst følelse.. Veit ikkje kva eg går til, korleis det kjem til å gå verken her heima eller der... Håpar at eg skal stortrivast der og at eg får god nytte av dei 3 vekene.
Håpar at eg får mangen gode tips, så eg klara å byrja å jobba igjen ivertfall 3-4 timar for dagen. Eg har behov for å komma meg ut, og eg føler meg egentlig temmelig bra, så eg trur eg skulle nok ha klart å jobba ein del timar i veka.

Sida formen har vært så bra, så har eg klart å gått/sykla ein del siste vekene, så eg kjem ikkje til å komma på Hauglandsentert totalt utan kondis. :D

Ein ting eg ivertfall gledar meg til, er å få sleppa ungeskrik om natta.. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar