onsdag 28. september 2011

Ny blogg!

Har funnet ut at eg skal byrja med ein ny blogg som skal få vera open. Den andre bloggen har eg også, men den er kun open for priviligerte personer.. :)


Eg har etter mykje arbeid klart å gått ned 16 kg! Noko som har vært ein stor lettelse, har klart å komme inn i gamle kle som eg har hatt liggande, og som ikkje har passa i nokon år. Eg har gått på shaker som eg har kjøpt via CampKilo. Dei var egentlig ganske så gode og dei funka kjempeflott, men ein blir temmelig lei av å berre drikka maten.

Har studert mykje på lavkarbomat siste året, og har no bestemt meg for å prøva det. Mykje god mat, men eg savnar brødmaten. Føler at det er mykje fløyte, rømme og anna feitt, men det blir vel ein vane.
Har handla inn litt matvarer som eg kan laga til lavkarbomat, bl.anna Sukrin, fiberfin og mandelmel. Skal handla inn meira også, men ikkje før etter at eg har vært Hauglandsenteret. Dit skal eg 19.Okt, og vera der til 9. November. Gledegrua meg til å reisa dit, men det blir spennande om Trond og ungane klara seg åleina i heile 3 veker. :P
Fibroen har faktisk bra etter at eg byrja på Campkilo og Lavkarbo. Har faktisk klart å gått tur opp på Mjølkeflata saman med Trond og jentene. Og trimsykkelen har vært i bruk igjen! Håpar at eg skal få brukt den veldig mykje. 
Greitt eg har små periodar som eg knapt veit til å klara å sitta eller å fungera, men dei har ikkje vært over fleira dagar/veker.. No har dei vært på halve dagar/timar. Så eg trur det må vera noko i høykarbomaten eg reagera på og gjere at kroppen min blir heilt rævva! 

No ete eg toppen 15 karbs for dagen, helst under 10 også. Noko som går heilt greitt, men eg sliter med å få i meg nok feitt.. Så i kveld blir de bacon med litt anna stæsj til kveldsmat.

Tenke eg skulle prøva å laga lavkarbopizza på laurdag.. Har også testa ut pannekaker og dei var faktisk veldig gode. :) Brødet eg har bakt var heilt greitt, men eg må drukna det i pålegg for å få det ned, så det blir ikkje bakt fleira gangar.. Får prøva nokon andre oppskrifter eg har funnet på nettet. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar