fredag 30. september 2011

Blysko på beina..

Gosj, det er jammen kjedelig å ha "blysko" på beina... Når kvart steg er eit ork og kroppen er totalt dau, null-niks-nada energi...
Det som er så trist er at eg har jo vært inne i ein bra periode, der eg har følt meg temmelig oppegåande og har fungert heilt flott, og så møter ein veggen sakte, men sikkert..

Merka det i går at kroppen ville ikkje heilt, men trudde det skulle gå over. I dag så hadde eg store planar for å få shina opp huset før helga, men eg følte at kroppen ville ikkje, så da slappa eg av i staden for. Men no når eg henta jentene i bhg, så var det så vidt eg kom meg heim igjen.. Og det er berre 6-700 m ein veg mellom huset og bhg.

Trur hovudgrunnen til at eg ikkje har energi no er pga at eg har ikkje hatt 1 natt på 1 veke som eg har fått sove heile natta.. Har vært oppe til jentene 3-4-5-10 gangar pr.natt.. Spesielt til eldste jentungen som har vært sjuk, og er fortsatt smådårlig..

Håpar det blir ei bra helg, sjølv om kroppen vil mindre enn kva hjerna mi vil... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar